KONTAKT OSS  
Om Logopednet


Logopednet er eit samarbeid mellom logopedane Reidun Aarskog, Stord og Elin Legland, Kvinnherad.

Vi samarbeider om å tilby logopediske tenester, fagleg oppdatering, kunnskapsfomidling, erfaringsutveksling og produkt- og materiellutvikling.

Som samarbeidspartnarar har vi avtale med Rikstrygdeverket om refusjon av logopedisk behandling, og autorisasjon som medlemmer av norsk logopedlag, taushetsplikt i høve til personvern og konsesjon for klientregister frå Datatilsynet.




For einskild brukar og grupper:

Det logopediske arbeidet har til hensikt å kartleggje kommunikasjonsvanskar innan språk-, tale- og stemmevanskar og/eller utarbeide treningsprogram som kan bidra til å redusere kommunikasjonsvanskar. Arbeidet inkluderer og å finne hjelpemidlar som kan bidra med å kompensere for kommunikasjonssvikt. Samarbeidet har til hensikt å utveksle kunnskap og erfaringar, samt avlaste kvarandre i periodar med mykje arbeid.


For kommunar, offentlige og private verksemder:

Samarbeidet har til hensikt å yte logopediske tenester i høve der dei kommunale, fylkeskommunale eller statlege tenestene, eller private verksemder, ikkje kan dekke etterspørselen av logopedisk arbeid. Vi samarbeider om å yte ei felles teneste der det er behov.


For produktutvikling:

Vi arbeider for å skape, produsere og tilby pedagogiske produkt og materiell. Desse er i hovudsak retta mot språk-, tale- og stemmevanskar. Vi legg vekt på livskvalitet og arbeider for å sjå mennesket i heilskap i høve til eigne situasjon og i samspel med omgivelsane.
 
   
 
Copyright © 2012 Logopednet.no. Internettløsning utviklet i AxentaWeb v2009.3 av Axenta AS.